Reiseblogg fra Travellerspoint

Côte d’Azur (Den Franske Riviera)

IMG_9906.jpg

Frå Tabres og Toulose venta Nice. Det var på alle måtar ein stor kontrast! Me gjekk ifrå tordenvær og regn til strålandes sol og 39 grader. Me tilbrakte to dagar i Nice. Etter ankomsten ved el gare central (togstasjonen), gjekk me for å finna hostell. Me endte opp på Regence, eit hyggelig innbo, nær stranda i Nice. Me sprang opp trappene til 4 etasje, la ifrå oss sekkane, og sprang ned igjen. Stranda var målet … Etter ein kjapp dukkert i det varme vatnet var me klar for god mat og drikke. Me tok med oss litt fransk Merlot og 1664 Kronenbourg opp på hostellrommet og slappa godt av. ”Viva la vida” var på full guff på pc-høgtalarane. Etter litt mimring og gjennoppleving av de førre dagane, gjekk me ut og høyrde på fransk tolking av soulsangen ”r.e.s.p.e.c.t”… Morgonen etter måtte me ut av hostellet på jakt etter eit nytt. Knapt ei gate ifrå var svaret vårt: La Carylina. Fredag 23.07 klarte me å slappa heilt av! Me skulle ikkje reisa nokon plass og heller ikkje gjera noko spesielt. Denne dagen brukte me til å gå langs Nice sine gater og sjå på det yrandes folkelivet. Me var også så heldige at den årlige jazz-festivalen var denne veka. Folk på gatene sang, dansa og spelte. Lars Eirik kjende eit rykk i dansefoten, men erkjende det berre var krampe. Etter litt vidare tusling langs Promenade des Anglais, fann me spotten vår. Vår optimale sitte plass der me brukte mesteparten av tida vår i Nice. Det var ein open plass med benker og den største fontena i Nice! Over hovuda våre flaug privatflya inn til landing medan frie hundar leika seg i fontena. Det var ein lett bris, ikkje ulik St. Anna vinden. Varm, god og leiken. Med jamne mellomrom blåste vinden litt ertandes vann-sprutar på oss. Blide og nøgde tok me fram ukulelen og misjonerte Frankrike med ”Den du veit” av Marius Müeller. ”Fredfult sit me der, smilandes, mysane, berre sit … det er zen …!

IMG_9924.jpg

Då me våkna lørdag 24. Skulle me koma oss vidare langs kysten. Me booka tog til Genova, Italia frå Ventimilla. Dama me reserverte av var ei middelaldrane, fryktelig bitter dame, som ikkje like gutter på 1.90 og over. (Trur også fuglen hennar hadde nylig dødd.) Frå Nice reiste me til Monacco. Lars Eirik kom på han ikkje hadde kjøpt suvenir, så fann ut at Monacco ikkje var ein dum plass å gjere dette. Etter Monacco tok me toget me hadde fått reservert plass: Ventimilla → Genova. Kl 2030 var me framme i Genova, Italia. Christoffer Colombus fødeby. På toget før me kom fram, sjekka me opp i nærliggande hostell (slik me pleie å gjera, dette gjer jakten lettare!) Slik som Colombus, begynte me vår ekspedisjon. Vår ekspedisjon etter hostell. Fargerike Posta Nuova var heldige denne gang. Me visste lite om Genova på førehand. Inntrykket me har fått til nå er fantastisk. Genova er prega gotisk arkitektur, trange, sjarmerandes gater og hyggelige innbyggarar (Som diverre ikkje kan snakke engelsk, mykje likt resten av europa ...) De trange gatene er perfekt for å spankulere i. Små caféar og restaurantar dukkar opp rundt kvar krok. Lørdagskvelden brukte me til å ete italiensk steinbakt pizza og studere det merkverdige byggverket ved hamna. Skipet Galion de Neptun har også si ankringspunkt her. Gallion de Neptun er eit skip frå 1600 – talet, no kan turistar få seg ein guidetur. Me sneik oss med …

Genova har også verdas nest største akvarium, eller Europas største. Me tok oss fridommen til å få oppleve dette. Haier, delfiner, krokodiller, alle muligens fiskar svømte rundt og koste seg. Me fekk oppleve det yrandes livet i alle våre hav. Det var ein topp på vår ellers høge opplevingskurve.
Foto0189.jpg

Skrevet av lemfnb 10:46 Kommentarer (0)

Paris

semi-overcast 25 °C

IMG_9822.jpg

Vår fyrste telttur på turen satt ein høg standard for dei kommande. Vin, brød, eit knitrande bål. Me spelte og sang inn i solnedgangen heilt til me sovna stille inn til gresshoppene sin muntre melodi. Neste morgon våkna me til fuglekvitter og ei lett regnbyge. I dag ventar Paris. Me pakka sammen sakene og heiv oss på toget. På togstasjonen, Gare du Nord nær Paris sentrum blei me møtt av tungt bevæpna soldatar og patruljerande vaktar. Heldigvis blei me ikkje gjenkjent og me sneik oss ner i 1 etasje for å låsa inn bagasjen. Med den blytunge sekken låst vekk kunne me ikkje gjera anna enn å spankulera nedover “Rue de la fayette” retning Musee du Louvre. Omgitt av gamle byggverk, vin og arrogante franskmenn fekk me feelingen. Rachel kan angra. Igjennom ein 700 år gammal enorm port venta pyramide du Louvre, Musee du Louvre og ein kø som sjokkerte til og med høgt respekterte coop ansatte. Med steikande sol og Frederik sin sensitive hud kunne me ikkje å stå i ro alt for lenge, me endte opp med å nyte det storslåtte byggverket kun frå utsida før me spankulerte vidare mot det berømte Eiffel tårnet. Tårnet var stort, større enn på film. Det viste seg at dette og var eit godt befolka område, så me bestemte oss for å nyte ein kopp kaffe og sjølvsagt french frites på næraste kafé før me fortsatte. I jakten på litt internett fant me ein koselig Starbucks der me slo me i hel eit par timar. På slutten av dagen introduserte Frederik meg for sushi. Som ein stor fan av røykelaks, ris og fløytemusikk falt maten veldig godt i smak.

Foto0143.jpg

Seinare den kvelden viste seg å vera ein av dei mest utfordrande på heile den lærerike turen vår.

Paris var ein fantastisk by. Men bylivet viste seg å koste meir enn forventa, så me tenkte det var lurt å komme seg litt ut på landet, der da er litt billigare, vårt neste mål var den franske rivieraen. Me booka et nattog til Marseille. Reservasjonen kosta oss sure 18 euro. Teltet hadde me sjølvsagt lagt igjen i skogen i den fredelige landsbyen me overnatta i, det på grunn av planen om å sove der ei natt til. Me tok toget ut for å plukke det opp. Men turen tilbake igjen til Paris viste seg og bli litt meir vrien, ettersom det ikkje gjekk noko tog. Me endte opp å ta eit forsinka ekspresstog, som stoppar mykje oftare enn dei vanlige toga. Etter 3-4 stopp såg me at reservasjonen vår var godt bortkasta. Toget gjekk frå oss. Me kom oss omsider tilbake til Gare du Nord, og etter 15-20 min leiting fann me informasjonsdisken(togstasjonen i Paris er svær, og har sin eigen getto). Ønske vårt: me ville sør. Som fremtidige seglarar har me ein forkjærlighet for havet + at me ville vaske oss, noko me ikkje har hatt mulighet til sidan Hamburg. Av jenta bak disken fekk me slengt i trynet at det siste toget gjekk om 15 min, frå ein annan togstasjon! Hun meinte at det var ikkje mulig å nå toget på så kort tid, det var motivasjonen me trengte. Med bagasjen på ryggen la me på sprang ut i Paris sine freidige gater. - TAXI! Gare du Austerlitz, 10 minutes! Ikkje ulikt Edward då han måtte redde Bella frå sultne vampyrar. Med nokre “sweet moves” frå taxisjåføren kom me fram 23:07, det var 3 min til toget gjekk. På togstasjonen var det stille, einaste som fylte tomrommet var “est-ce que vous pourriez m`aider, s`il vous plaît?” frå lasset med bomser som tilbringte natta på stasjonen. - Pardòn! Pardòn! Ropte Frederik mens han spurtande fjerna alle hinder. På perrong 12 venta det siste toget på stasjonen. Andpustne kom me fram og blei møtt av togføreren. -Tickets, please. Me viste han interrail billettane, men han fortsatte, -tickets, please. For på dette toget var det visst nødvendig med reservasjon… det gløymte jenta bak disken å nevne. Pusten blei slått ut av oss, dette kom til å bli ei natt med bomsane… me tok av oss sekkane og begynte å tenke over moglegheitane våre, det var ingen. Eg la igjen stoltheten min og gjekk bort til konduktøren. -S`il vous plaît..? (please). Han såg igjennom papirene sine, tok ein prat med sin kollega. -we have maybe room for you. Like overraska over svaret som eg var over at han snakka engelsk stod eg der med tårer i augo. Det var håp. Me klarte å komme oss med toget, fekk til og med eige seng. Me sovna lykkelige inn samtidig lettare irritert over dei ekstra 22 euro me måtte ut med.

IMG_9867.jpg

Kl 08.30 våkna me neste morgon i Tarbes, ved grensa til Spania. Toget var framme for ein time sidan, me blei vekt av konduktøren. Fornøyde med gårsdagen steig me ut av toget. I Tarbes var det lyn og torden, her kunne me ikkje bli. Tidligere hadde me satt den franske rivieraen som mål og det hadde me ikkje tenkt å forandre på. Me heiv oss på neste tog til Toulouse, som er ein litt større plass. Der fant me internett og koste oss på kafe heilt til toget gjekk vidare til Nice.

Skrevet av lemfnb 10:43 Arkivert i Frankrike Kommentarer (0)

Den femte dagen ...

mosaikk.jpg

I dag er det den femte dagen av vårt ”moment of zen”. Til no har me vore på reisefot konstant!: Danmark, Tyskland, Nederland, Belgia og no Frankrike. I dette augneblikk befinn me oss i Paris på ein Starbucks, eit godt steinkast unna Eiffeltårnet. Denne dagen (Onsdag 21.07) er den andre dagen vår i Frankrike. I går natt tok me toget ut til ein liten plass nær Creil, utanfor Paris. Der satte me opp telt og opplevde det franske bygdeliv. Det var ein fantastisk kveld! I dag har me tilbrakt dagen under Eiffeltårnet og langs Champs Elysse. Me satt på ein koslig kafé og vart køyrd rundt i Paris gater av ein hissig franskmann.

IMG_9796.jpg

Turen fram til i dag har vore innhaldsrik. Me har allereie lært mykje! Mellom anna om booking, pakking og byar. Viktig å ikkje pakke altfor tung når ein reiser (guilty) det er også lurt å booke hostel og tog ein dag før. Opphaldet vårt i Tyskland den første dagen, var turbulent. Ifrå togstasjonen gjekk me med 100 kilos sekkar i ein halvannen time til der hostellet SKULLE vera. Det var ikkje noko adresse på staden, berre ei tilvisning på kartet. Etter lenge leiting fann me det … ikkje. Dette førte til at me havna på hotell Hansenhof. Hamburg er ein plass me fekk dårleg smak av. Kort oppsumert: Tysklands svar på Tyrkias Alanya.
Opplagte og mette gjekk me vidare frå Hansenhof hotell. I dagslys var det lettare å sjå kor mykje avfall og horer som fylte gatene i Hamburg, me bestemte oss for å ta taxi til jernbanestasjonen. Den hyggelige taxisjåføren fortalte oss om når han i hans ungdom var på bilferie igjennom Afghanistan og Irak, slik fekk me dosen reisemotivasjon og blei svært gira på vår neste destinasjon, Amsterdam. Me hoppa på toget og etter 5 timar var me framme. Det første som møtte oss var to svære pannekaker med sirup. Ein ny og behaglig oppleving. Nøgd gjekk me langs kanalen innover i byen. Youth hostellet var vårt mål. Diverre var hostellet fullt og me såg på nye moglegheitar: Ta trikken inn på landet å campe der? Eller ta nattoget til Paris? Det vart ingen av de. Me endte opp på hostellet Aroza, 5 min frå jernbanestarsjonen. Er det noko me har lært på denne turen så er det å ikkje låse seg fast på planar og vera litt spontan. Kvelden vår i Amsterdam endte fantastisk! Raudvin og solnedgang på ein kafé ved kanalen! Me fekk ein fortent pust i bakken, munnen gjekk lett og nattasøvnen var god. På Aroza Hostell sov me godt på eit rom der doen ikkje spylte ned og sengane var tomme. (Heilt til me vakna og det var tre andre der, men det er ein annan historie…)

IMG_9674.jpg

Dagen etter var fylt med reising. Me reiste først til Brussel der me opplevde Belgisk sjokolade og flott arkitektur! Me var heldige og traff den einaste som kunne engelsk der. Han var grei og viste oss til lépicerie … grocery store… Med sekken full av billig mat og vin tok me toget frå Brussel til Lille, nord i Frankrike, deretter Lille – Paris. Campinga 20 min frå Paris var blitt ein realitet.

IMG_9778.jpg

Skrevet av lemfnb 02:32 Kommentarer (0)

Budget accommodation bookings

Read reviews from other Travellerspoint members.

Departure

Etter mange timar i coop fangenskap er me endelig klare for å erobre Europa. Ein kjølig lørdags morgon møttes bøe og myklatun i Kinsarvik sentrum, klare for avgang. 90 minutt med kjøring var undergjort då me fekk beskjeden om at båten vår til Danmark var blitt kansellert. Der satt me, strandet i Odde, fortvila over konspirasjonsstaten Norge… Like før me hoppa på bussen til Svinesund kom løysinga, eit nytt skip hadde segla inn i bukta i Kristiansand, den romma nett nok plass til ein gresk gud og ein gyllen rød rev. Me vart husa ved utkanten av Kristiansand sentrum. I det nye huset til Tonje Norheim bøe m/fam slo me i hel tida til skipet vårt skulle reiste, god te og sigar av ypperste klasse gjorde oppholdet svært trivelig.

6IMG_9581.jpg

No sit me på toget til Hamburg frå Aalborg. Den strabasiøse og til ein viss grad ubehaglige båtturen til Danmark er unnagjort. Klokka 0400 reiste den frå Kristiansand til Hirtshals. Etter 3 timars søvn og 2 timars latterkrampe ankom me solfylte Hirtshals. Derifrå gjekk det i ett med tog: Hirtshals – Hjørring, Hjørring-Aalborg og no sit me altså på toget på veg til Hamburg, Tyskland. Kl 1146 i morgon tar me toget vidare til Amsterdam. Det meg (Frederik) og Lars Eirik gjer på vår 7 timars togtur (med bytte) er booking av Hostell og innsuging av den frie interrail-kjensla. Ved Hamburg tenkjer me å finne ein kosleg plass me kan ete, samt å få ei god natts søvn!

3CON2018.jpg

fleire bileter kjem ...

Skrevet av lemfnb 16:06 Kommentarer (0)

Nedtelling

"2010 is going to be our moment of zen”

Den 16. Juli 2010 reiser Lars Eirik Myklatun og Frederik Norheim Bøe ut på si rundttur i Europa. Rundreisa skal starte i Stavanger med båt. Turen vil vara i tre veker der me tar tog rundtom i Europa. Vakre Paris, løyndomme Marseille, Virile Monacco og kultursprengde Roma er berre nokre av plassane som venter oss. (Endeli kart over destinasjon vil koma)

seas.jpg

Det eg og Lars Eirik gjer i oppstarten til det som skal bli vår ”moment of zen” er planlegging. Det er mykje som skal ordnast: Passet må vera i orden, helsekort må bestillast og turutstyr må vera påtenkt. Me har i røynda gått for ein økonomisk tur der me tar med oss primus og telt; supper og enger står altså på menyen. Musikalske sjeler som me er så skal me gleda Europa med Myklatuns munnspel-speling og min gitarspeling; ”Det er solnedgang, Myklatun speler ein sakte blues, medan eg akkompagnerer i seig e-moll, augo våre er lukka, raudvinen er halvfull, elva siler, brødet knaser … det er zen … ”

To be continued …

Skrevet av lemfnb 05:08 Kommentarer (0)

(Innlegg 1 - 5 av 5) Side [1]